Skogen Entreprenør er i solid vekst, og søker å utvide staben med både lastebilsjåfør og maskinførar. Vi held til ved foten av Jotunheimen – lokalisert i ei bygd som byr på eventyr og gode kvardagar for både store og små. Vil du vere med på laget? Vi ser etter deg som får jobben gjort på solid vis, og som har lyst til å bidra i eit godt og handlekraftig arbeidsmiljø.
ARBEIDSOPPGÅVER:
- Oppfølging byggeplass og koordinering av fag og bemanning
- Kalkulasjon og berekning av eksisterande og potensielle oppdrag
- Oppfølging av kvalitetssikring og HMS
- Vidareutvikling av Skogen Entreprenør i tett samarbeid med dagleg leiar
ERFARING OG KOMPETANSE:
- Førarkort for anleggsmaskin
- Relevant erfaring
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Evne å jobbe sjølvstendig
- Like utfordringar
- Fleksibel og løysningsorientert
- Kunne vekependle i perioder
- Må kunne prate norsk
VI TILBYR:
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig løns- og arbeidsbetingelsar
- Godt arbeidsmiljø
- Levande fjellbygd med framifrå skule- og barnehagetilbod, godt utval kafear og butikkar, rikt aktivitetstilbod og storslåtte kulturlandskap og fjellheim.
- Tilrettelegging for både deg og familien slik at dykk finn jobb til begge, bustad og fritidstilbod. Bra bygdefolk å omgås i arbeid og på fritid finn dykk lett sjølve!
KVALITET FRÅ GUDBRANDSDALEN
Skogen Entreprenør har base i Vågå i Nord-Gudbrandsdalen, tett på Vestlandet og midt i Fjell-Norge. Vi leverer entreprenørtenester over heile landsdelen. Med 30 års fartstid, ein topp moderne maskinpark, høg og aukande ordretilgang og 18 dyktige tilsette (med deg på laget), veks vi godt på å levere solid arbeid til rett tid. Samtidig ber vi alltid med oss at vi vil vere ein miljøbevisst entreprenør som tek omsyn til naturmangfaldet gjennom så små terrenginngrep som mogleg.
VIL DU VERE MED PÅ ARBEIDSLAGET?
Ynskjer du å bli betre kjent med Skogen Entreprenør, fjellbygda Vågå – eller kanskje finne deg ei hustomt med Jotunheimen som nabo? Vi trur du vil ha glede av desse nettsidene:
www.skogenentreprenor.no
www.vågåleve.no
www.kvarberg.no
www.komtiloss.no
…men aller best er det sjølvsagt om du tek ein tur til Vågå så vi får synt deg kva arbeidsdagar og fritid du har i vente. Du når meg på
telefon 46 80 70 30.
Søknad sendast innan 01.07.2019
til ola@skogenentreprenor.no
Beste helsing
Ola P Skogen
Skogen Entreprenør AS
Industrivegen 42
2680 Vågå